Litt "historiske" fakta

"På hausten i '79, kom tankane litt på gli. ." (mel. Sloop John B.) 

Dette er innleiinga til ein jubileumssong som fortel om kva tid koret starta. Vi er eit blandakor med eit etter kvart nokså vidt repertoar - fra Rock til Requiem! Vi har eit medlemstal rundt 40, med ein såkalla "hard" kjerne på rundt 30. Litt for lite mannfolk, men det er vel det vanlege. (Du tek gjerne eit hint!?)

Vår første dirigent/pianist/arrangør var Torvald Gjerde, og han heldt liv i oss i mange år før han flytta til Island. Når koret er på tur kjem det tydeleg fram at koret framleis huskar mange av hans arrangement - dei kjem lurande fram både i bussen og i baren! Kanskje kjem dette av at koret likar lette, svingande songar. Det er nok slike me tenner mest på, men problemet er at mange av desse ikkje er utgitt som korarrangement, og dermed må dei lagast!! Det var dette Torvald var så rask til, men etter han er det helst blitt "ferdigkjøpt". Det kan jo vera bra, men vi har ikkje heilt funne det store utvalet, syns vi.

Etter Torvald hadde vi nokre "omflakkande" år med omsyn til dirigentar, alle gode, men reiste ifrå oss eller fekk det for travelt med andre ting.
Dette har vel gått så mykje utover stabiliteten i koret at denne tidlegare omtalte "harde kjerne" har krympa vesentleg, nei KOLLOSALT! Korleis dette gjekk til kan du heller lesa om i heftet som blei laga til 25-års-jubileet.

Nå har vi altså gjort eit stort hopp i heile historien, skriv 2009 og har teke sommarferie. Korleis "stoda" er kan etter kvart komma på "2010"-knappen. Gamle "storheiter" ligg under andre knappar. Ta berre ein sving innom.

Meir "hopp". Det er april 2010 - Vi er på opp!! OG - vi skal ha jubileumskonsert den 19. juni 2010. Set han av!!