Liv og Leven

I "festskrud"Alle kor har vel sine opptrinn utanfor korkrakkane. Det har i alle fall Strupebandet god tradisjon på.

40- eller 50-årsdag. Å nå slike aldersmilepelar er jamgodt med et seint kveldsbesøk av koret. Ved hjelp av innsamla faktaopplysningar er det dikta song til jubilanten, som oftast på ein melodi me strevar med for tida. Så er det overrekking av gåve og deretter dreg me inn jubilanten og framfører, noko uhøgtideleg, i alskens framskaffa hattar, eit par songar vonleg til glede for gjestene. Så går me heim.

Me har nett vore på eit 50-års-lag i Høylandsbygd - her ventar me på "klarsignal" ved bedehuset:

 

 

 

 

Klosteropptreden. Ein bedrift skulle eingong ha "blåtur" til Halsnøy Kloster med bevertning i Klosterkjellaren. Nokre idérike i koret fann på at på den plassen passa det godt med opptreden i kostyme à la kloster, og "nonne-" og "munkedrakt" blei produsert. Opplevelsen av den leande og feststemte gjengen som ved inngangen til klosterhagen plutselig fann seg mellom to rekker med "geistlige" har skapt mange flir etterpå. Dei gjekk mange alvorlege steg før dei skjønte at alvoret ikkje var heilt ekte. "Draktene" måtte etter det brukast fleire gonger. Berre sjå kor kjekt me hadde det! 

(Klikk på bileta for å forstørra dei-og "tilbake-knappen" etterpå!)

I Klosterhagen.JPG (42285 byte) Klosterkjelleren.JPG (7433 byte)

Nonner.JPG (10883 byte)

 

Det var slett ikkje så lett å forklara dei tyske turistane som kom innom kva slag gjeng dette var !!

Kyrkjekonsert:

Me kan vera seriøse óg. Her eit bilete frå ein kyrkjekonsert. Me framfører Oratoriet Messias av Händel under leiing av Hilde Svalbjørg.

Messias.JPG (67164 byte)

Biletet er frå Eid kyrkje.

 

 

 

På tur : Det er ikkje alltid like enkelt å få et heilt kor med på tur, men det hender. Vi har vore i Stockholm og Ålvik og på Jæren. Våren 2000 var me på Solstrand og song for Joker-kjeden, og hausten song vi på Hotell Norge!!

Busdrivern.JPG (27417 byte) Då har me vår eigen sjåfør, Audun i tenoren. Han skaffar buss og får oss fram. Damene Solstrand.JPG (28565 byte)

P1010424.jpg (450175 byte)

 

Her varmar vi opp for å synge ved festmiddagen til Joker-kjeden. Vi er nå litt meir høgtidelige (og litt meir nervøse) enn i klosterhagen. Likevel, så godt gjekk det, neste bilete, at vi skal til Bergen igjen i haust!
                    

Her på Norge under oppvarming

 

 

 

 

 

 

Seminar: Det hender vi treng eit skippertak.

Sjur skryt så av tenorane våre, men på dette seminaret i Rosendal ser det faktisk ut som om tenorane får litt ekstraøving i Jesus Christ Superstar!

 (Det gjorde godt for ein bass å sjå!)

 

 

 

Rosendal 2001.

Tenorane i arbeid.jpg (34100 byte)

Altane.JPG (31174 byte)

I slutten av mars var det nytt seminar iRosendal.

Sopranane i arbeid.jpg (116128 byte)
Eit lite knippe frå øvingar i mai. Det er berre 14 dagar igjen til framføring av musikalane, 31/5 og 1/6.