ABBA - omsider!

Påbegynt med Sjur sine arrangement i 2002, lagt vekk og tatt fram, såg det faktisk ut som om Abba-prosjektet skulle bli lagt vekk for evig. Heldigvis viste det seg at Anne Guro, når ho fekk dirigentjobben i 2005, tendte på å gjennomføra ein stor del av dei 16-17 arrangementa me hadde. Etter ein del prøving og feiling landa me på at 13 melodiar skulle me greia. Vinteren og våren 2006 vart i det heile sett av til øving på desse melodiane. Me måtte og ha eit par helgeseminar for å få opp farten. Musikk måtte til, og etter litt bearbeiding fekk me heldigvis med oss Hallgeir på piano og synth, Roy på bass og lyssetting, Rhune på trommer, og Asgeir Årøen sa ja til gitarjobben. Tor tok igjen på seg å få lyden fram til publikum.
Jentene, og spesielt må me nemna Wenche, la seg i selen for å organisera, plassera og "pynta" oss, og dermed var det opp til Anne Guro, (jaja, og litt oss(!)) å få draget på songane. Det var nok tendens til panikk etter som tida nærma seg, men det siste helgeseminaret like før fekk ein del ting på plass. Fredag den 7. og laurdag den 8. april kom faktisk bortimot to fulle hus og høyrte på oss i Samfunnshuset. Det verka som dei var fornøyde, Anne Guro var fornøyd, og me var i alle fall fornøyd. Så fornøyd at me feira oss sjøl litt på laurdagskvelden. Her er nokre få bilete frå laurdagskvelden, feiringa får du ikkje sjå!!

Konferansieren!! Stil!
Altsolo
Han ga jernet!!!
Og ikkje berre han! Men tekstane kunne me ikkje utan fuskelapp! Det er forresten "mannane" i koret sitt kjennemerke!
Elles så hadde Anne Guro full kontroll over oss. Ho hadde ved denne anledningen eit kroppsspråk så tydeleg og elegant at det er blitt kommentert av fleire publikumerar! Det var rett og slett slik at både tenorar og bassar gløymte å sjå i fuskelappen til tider! Frå spøk til alvor: Ho hadde drilla så grundig at me faktisk sto og hadde det GØY!!