2015 - Eit samarbeid med Rosendal Musikklag og med songar frå ulike filmar.
![]() |
|
|
|
|
|
|
![]() |
Eit par avisomtalar etter julekonserten
"Fantastiske Strupebandet
Ei fullsett Valen kyrkje fekk oppleva Strupebandet med band og solistar
i storform fredag kveld.
5 desember, 2015
Det er blitt ein vakker tradisjon at Strupebandet inviterer til
julekonsert tidleg i desember.
Medan dei i fjor heldt to konsertar på heimebane i Halsnøy samfunnshus,
tok dei i år opningskonserten i Valen kyrkje. Det skal alle i nabolaget
vera glade for!
Eit strålande repertoar er sjølvsagt ei god byrjing. Men det er koret
sjølve som skal ha all ære for at julestemninga verkeleg tok tak i
publikum. Og så må ein ikkje gløyma koret sine fabelaktige solistar. Det
vart etter kvart mange høgdepunkt å velja blant.
Koret held fram med konsert i Halsnøy samfunnshus i kveld. Søndag
opptrer dei fyrst på Halsnøytunet, før dei deltek på julekonserten i Eid
kyrkje.
Frå Kvinnheringen:
Strupebandet med orkester lyste opp mørketida med konsert i Valen kyrkje
fredag. Med eit eineståande repertoar sendte dei publikum heim med lys i
sinn og ein solid dose julestemning. |