2014
![]() |
Vårkonsertar i Halsnøy samfunnshus fredag 23.mai kl. 18.00 og 20.00
Me kalla konsertprogrammet for "frå
musikalscenen" og repertoaret var då også samansett av songar |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Kyrkjekonsertar søndag 16.november, i Eid kyrkje kl. 16.00 og i
Kvinnherad kyrkje i Rosendal kl. 19.30.
Programmet var ein miks av gosplar, viser og songar til ettertanke og
klassisk, høgtidsstemt kyrkjemusikk. Knut Egil Benjaminson var
gjestepianist der han samarbeidde med Hallgeir på orgel.
Ronny tok som vanleg
hovudansvaret for lydrigginga og denne gongen var jobben meir omfattande
enn vanleg med transport av utstyr og rigging i to ulike kyrkjer same
kvelden. Arne Hauge presenterte songane og batt programmet saman frå
songarplass i koret. |
Julekonsertar i Halsnøy samfunnshus fredag 12.desember kl.18.30 og 20.00
Den tradisjonelle julekonserten kalla me denne gongen for
O’jul med din glede. Vi
hadde med oss eit jentekor beståande av Benedicte Johnsen, Frida Øvrevik
Farestad, Vanessa Øvrevik, Emma Strand Landa, Elina Eide Hvidevold,
Vilde Kviteberg Emmerhoff, Ovidie Dyrseth Eide og Ingeborg Tofte
Grønseth. Margrethe Thuestad og Herborg Irgens Sjo hadde eit musikalsk
innslag med fløytespel (Julen er her) undervegs i konserten. Silje
Dyrseth Eide las «Den vesle bygda som gløymde at det var jul» av Alf
Prøysen og Bjørg Brækhus presenterte songane og batt programmet saman
frå songarplassen sin i koret. Marius Sjo var vikar for Rhune på
slagverk. Serine Johnsen tok denne gongen leiaransvaret for at scene,
sal og foaje vart pynta til fest. |
Hei alle: Dette er tekst henta frå Arne Hauge si årsmelding og nokre foto frå Kvinnheringen. Foto frå kyrkjekonsert og julekonsert har eg ikkje. Skulle du ha noko så send!! |