2013
Frå Arne H. si årsmelding: Konsertar
og framføringar:
Musikalen Snøgåsa laurdag 16.februar på Kulturhuset Husnes (Kvinnherad
kulturfestival)
Dette var eit stort fellesprosjekt mellom Husnes musikklag, Husnes
blandakor, Ungdoms-koret, Halsnøy storband og Strupebandet med Clive
Andersson som musikalsk leiar og Øystein Kloster som kunstnarleg leiar.
Me deltok med 4 songar i eit tett samarbeid med Storbandet.
Vårkonsertar søndag 26.mai på Samfunnshuset.
Me kalla konserten for Konsert i Mai og det var eit arrangement i
samarbeid med Kvinnherad Trekkspelklubb, der dei spela til nokre av våre
songar og dessutan hadde dei ein eigen avdeling midt i konserten.
Gjøa Kvalnes og John
Gunnar Lundqvist var konferansierar. Hanne Sissel Særsten hadde
leiaransvaret i den praktiske komiteen.
850-års jubileet til
Halsnøy Kloster søndag 1.september.
Her deltok me med 2 songar på hovudmarkeringa som vart flytta frå
Klosteret til Samfunnshuset på grunn av dårleg ver.
Jubileumskonserten til Røysterett for alle (25 år) laurdag 19.oktober på
Kulturhuset Husnes.
Her song me 5 songar, noko heilt nytt og noko frå tidlegare. |
|
Haustkonsertar torsdag 31.oktober på Samfunnshuset.
Dette var to støttekonsertar til inntekt for Halsnøy samfunnshus. Silvia
Tofte var konferansier. |
|
Julekonsertar fredag 6.desember på Samfunnshuset.
Den tradisjonelle julekonserten var denne gongen utan barnekor og
julespel, men med omsorg og det å sjå kvarandre som tema. Peder Sjo
Slettebø var konferansier. Alvhild Koløy hadde leiaransvaret i den
praktiske komiteen.
|