2012

Torsdag 26.april mottok me det ufattelege sørgebudskapet om at Inger Karin var død. Me samla oss i sorg om kvelden og alt arbeid med vårkonserten vart sjølvsagt lagt til side. Fredag 4.mai deltok me i gravferda med å synga "Laschia" i kyrkja og "Så skimrande var aldrig havet" i minnesamværet på Halsnøytunet etterpå. I den store sorga var det godt å få vera med og delta. Vårsemesteret vart avslutta med eit fellesmåltid på Trallehuset torsdag 10.ma

 

 

 
Hausten 2012 vart kanskje eit av dei mest hektiske halvåra i Strupebandet sin historie.
Me starta opp med øvingane torsdag 3.august og alt laurdag 29.september arrangerte me den utsette vårkonserten som ein seinsommar/haustkonsert.
Nils Magne var konferansier.
Det vart ein kjempesuksess med smekkfull kinosal(alle billettane vart selde på førehand) og me fekk svært ode anmeldelsar.
Neste milepæl vart Minisongarstemnet på Husnes arrangert av Røysterett for alle og Husnes blandakor.
Me førebudde oss til denne framføringa parallelt med at me øvde inn repertoaret til julekonserten og me deltok med fem av sviskene frå haustkonserten.
Også her fekk me god kritikk i avisene.
På julekonserten fredag 7.desember sette me opp to forestillingar for å unngå og avvisa folk.
Dette viste seg å vera ei rett vurdering. Fyrste forestilling vart heilt utseld og med ca. hundre betalande også i den andre vart det både musikalsk suksess og kassasuksess.
Både haustkonserten og julekonserten viste at me har begynt å trekkja publikum også frå fastlandssida, heilt inn til Rosendal.
Denne kvelden vart avslutta med sosialt samvær i foajeen berre for koret. 
Søndag 9. desember var me også dette året tradisjonen tru og song for bebuarane på Halsnøytunest før me deltok på den tradisjonelle julekonserten i Eid kyrkje.


(frå Arne H. si årsmelding)
    Og så var det jul!